

Lisa er ei ung kvinne med svennebrev som blikkenslager. Ho driv Menes Metal Works AS i Nykirke, saman med sin far. Ho er dyktig, lærevillig og målbevisst og deler gjerne sin kunnskap og erfaringar til andre, mellom anna gjennom sosial medium. Ho har bistått fleire blikkenslagere med krevjande blikkenslagerarbeide. Blant desse er kuppelen på branntårnet i Kristiansand der Salvensen Blikk og Ventilalasjon og Blikkenslagermester Leif Hansen har hatt arbeidet.
Lisa er engasjert i lokalsamfunnet og i historie. Ho ivrar for å utvikla og ta vare på varige arbeidsplassar og er svært interessert i tradisjonelle arbeidsmetoder for metallforming. No ynskjer ho å fordjupe seg i utsmykking av gamle bygg.
Det er nesten ingen som utfører slikt arbeid lengre. Kompetansen til Lisa er svært ettertrakta i arbeidet med freda og verneverdige bygg, grunngjev styreleiar Hanne Jakhelln.
Bakgrunnen for stipendet er å støtte ein ung og lovande handverkar som har valt eit utdanningsløp innan eit tradisjonelt handverksfag, og som har synt evne til målretta arbeid.
Stipenda vert kunngjort på fondets heimeside, med moglegheit til å foreslå kandidatar. Vedtak om tildeling vert gjort av styret etter anbefaling frå direktøren.
Stipendet er kunngjort gjennom Kulturminnefondets nettstad, nyheitsbrev og sosiale media. Det har også vore redaksjonell omtale i fleire aviser. Ved fristen kom det inn 236 nominasjonar. Enkelte kandidatar er nominert fleire gonger.